Om Ågapet mannskor
17. september 2003: Denne kvelden kom Svein Dag Midtsund, Dag Jørund Lønning og Nicolai Riise saman hos Tore Skaug til eit første møte om ein mogleg mannleg songkvartett. Der kom det fram at den fyrste spira blei sådd 17. mai dette året på ein benk utanfor kulturhuset.
Fleire synte interesse for å syngje i kor og dersom interessa resulterte i eit kor, måtte namnet bli Ågapet - etter den velkjende fiske- og badeplassen der Dalaåi brusande munnar ut i Sundkilen. I symbolsk forstand: Vi vil syngje med kjeften på vidt gap!
På møtet i Tveitgrend fire månader seinare blei det klart at Nicolai Riise tok det musikalske ansvaret for Ågapets vidare utvikling. Ågapet fekk fyrst øvingsrom i Krodokk, der det på den fyrste øvingskvelden møtte ni songarar. Det kom dessutan inn melding frå ein tenor og ein bass om at "vi vil også vera med!"
På skipingsmøtet blei denne føremålsparagrafen protokollert: "Ågapets føremål skal vera å gle medlemene og andre med songkunst av høg klasse." Paragrafen er seinare underskriven av 17 songarar. Somme har seinare dessverre falle frå.
Ågapet sto for første gong fram for eit publikum på opninga av Kviteseidmarken i 2004. Iført pelsluver hausta Ågapet med firstemt og mandig korsong ein uventa suksess. Me song også på bygdekvelden på Sundvang samme kvelden. På utloddinga vann 2.bass Magne Sandlands hulde viv ein minikonsert med Ågapet. Fruas gledeshyl (!) vil me minnast lenge.
Ågapets generaldebut var konserten på Sundvang 17. mai 2004. Lysinga (med eigen vignett) i VTB fortel om korsong, kveding og irsk og dessutan musikk av Ellen Marie Prag på fiolin. Billettpris 100 kr. Champagne (alkofri) var inkludert. Unødvendig å opplyse, men debutkonserten blei ein kjempesuksess.
Følg konn på Facebook, YouTube og Instagram.